Sunday, January 30, 2011

Gav 1 million i starthjelp

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) er godt nøgd med initiativet til det nye nasjonale pilotprosjektet om tek føre seg strakstiltak for å sikra levedyktige bestandar av laksefisk i Hardangerfjorden. Mininsteren opna pengesekken og gav 1 million kroner som fødselshjelp til prosjektet under møtet i Odda, der representantar for oppdrettsnæringa, villfiskinteressene, forvaltinga, den politiske leiinga i kommunane og forskarar var samla. Berg-Hansen gav signal om meir pengar til prosjektet etter kvart som det skrid fram. Hovudkostnaden med "oppryddinga" må oppdrettsnæringa ta sjølv, understreka ministeren.
– Dette var eit gjennombrotsmøte for dialogen mellom dei ulike partane, og det vidare arbeidet for berga villfiskstammene, sa ein strålande nøgd ordførar i Odda, Gard Folkvord (Ap), då møtet var slutt.

No comments:

Post a Comment