Wednesday, December 15, 2010

Tuesday, December 14, 2010

Mat og Meir- Terra Madre Day på Drøs






TERRA MADRE DAY RAPPORT 
SLOW FOOD HARDANGER

Dagen vart arrangert på Drøs kafé som eit ope arrangement med påmeldingsfrist 7.desember. Det var sendt ut invitasjon til medlemer i Slow Food samt ulike produsentar av nærprodusert mat. Slow Food Sognefjord var invitert til arrangementet.
Leiar Espen Eide i Slow Food Hardanger viste DVD- film frå Terra Madre 2008 samt fotoserie om Terra Madre og Salone del Gusto 2010 der Jorid Lekve Eide og David Gyllander var ungdomsdelegatar for Slow Food Hardanger, samt Espen Eide, Frode Halvorsen og Eyvor Gyllander  som var observatørar for Slow Food Hardanger. Slow Food Sognefjord med leiar Pål Drønen samt andre delegatar som Jorunn Heggdal og Ola Ryum var også representert.
Pål Drønen orienterte om neste norske Terra Madre som vil bli arrangert i oktober 2011 i Aurland og han inviterte Slow Food Hardanger til å bli med som samarbeidspartnar. Det vart også orientert om det nordiske samarbeidet om Terra Madre arrangement som no har kome på eit rett spor etter diverse utspel frå ein svensk fraksjon som er meir oppteken av formalitetar enn å få til eit samarbeid. Det blir no arbeidd aktivt for etablering av eit nordisk Slow Food sekretariat lagt til Aurland.
Geir Flatabø hadde ein interessant presentasjon om trøffel i Norden kor Gotland står i ei særstilling når det gjeld førekomst av trøflar. Elles peika han på dei mange likskapane som er mellom Ulvik og Gotland og det er gjort eit utplantingsforsøk i Torblå – lia og på Sysegjerdet som kan gje resultat om nokre år. Han fortalde også om den store innsatsen som Kristina Wedén har gjort for utvikling av trøffeldyrking.

Det var servert varm sider med kanel og nellik saman med ulike typar kvit geitost frå Undredal og gamalost frå jordbruksskulen i Aurland som har fått utmerking for sin kvalitet. Jorunn Heggdal frå Flåm Oppleving, som var med på arrangementet, hadde med sin eigen med granskot- sirup som tilhøyr på osten. Det var ein verkeleg fin kombinasjon til den syrlege osten!
Det vart vidare servert suppe med nærproduserte ingrediensar som røykt pinnekjøt av gamalnorsk spælsau, gulrot, potet, purre, løk, selleri og bygg gryn. Det var servert ferske baguettar, landbrød og brødstenger.
Til dessert var det bakte gravensteinseple med lindehonning og nøtter og krem med eplebrennevin.
Til drykk var det servert Vajra sin dolcetto vin. Det er ein vindrue som er mykje brukt i Piemonte i Italia.

På møtet var det delt ut materiale om Terra Madre og Slow Food og vi håpar at dette arrangementet kan gi grobotn til å rekruttera fleire medlemer.



 

Monday, December 13, 2010

SMAKENS ARK; GAMLE EPLESORTAR FRÅ HARDANGER

Surapal 




Gamle eplesortar frå Hardanger som vi vil ha nominert er:


GRANAT

Kort skildring
Skal: Glatt, med glans, feitta, gullgult. Solsida kan vera meir eller mindre livleg raud, med fine, lite synlege, raudkanta skalpunkt, som trer tydeleg fram. Lukt tydeleg.
Kjøt: Gulkvitt, nokså fast, møyrt, noko saftfullt med god, søt reinettesmak.
Kvalitet: God – svært god bordfrukt, i god utvikling pen handelsvare.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Kor klonen stammer frå veit vi ikkje, men er svært gamal i Hardanger. Er heilt ulik andre granatkloner som er omtala i pomologisk litteratur. Har frå gamal tid berre vore dyrka på Vestlandet.


GRAVENSTEIN

Kort skildring
Grunna sin fine kvalitet har Gravenstein hatt ein stor plass i fruktdyrkinga vår. Når frukta er godt utvikla, er det knapt noken klon som kan tevla med den i velsmak. Dei indre fjordarmane på Vestlandet og visse delar av Austlandet, særleg silurtraktene kring Oslofjorden og dei større innsjøane.
Skal: Tynt, sprøtt, glatt, med glans, sterkt feitta, grunnfarge voksgul eller gullgul, solsida flamma, stripa og punktert med raudt.
Kjøt: Gullkvit, nesten fint, middels, fast, saftig, vinsyrleg, søtt, med sermerkt, fin aroma (såkalla Gravensteinaroma)
Kvalitet: Framifrå god bordfrukt, svært god hushaldningsfrukt.
Er klassifisert i gruppa Kalviller som er lette frukter og smaken er vanleg jordbær, bringebær eller roseaktig.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Dei første trea planta i 1792 i Hardanger. Dokumentasjon tilbake til 1698-99 til slottet Graasten i Syd-jylland. Korleis klonen er komen dit veit ein ikkje. I pomologisk litteratur vert det sagt at klonen kjem frå Italia. Blir kalla Graastener i Danmark og Blumen Calvill i Tyskland. Er kåra til Danmark sitt nasjonaleple.


KAUPANGER/SKAOLEPLE

Kort skildring
Skal: Glatt, med glans, litt feittet under lagring, grunnfarge grøngul, seinare strågul, på solsida mørkeraud med mørkare punkt og striper, frukt som har vakse i godt ljos er også raudflamma eller stripete på skuggesida. Lukt er merkbar
Kjøt: Gullkvitt, fast, møyrt, saftfullt, søtt, vinsyrleg, svært god aroma.
Kvalitet: Framifrå god bordfrukt
Eit vakkert eple som har ein uvanleg fin kvalitet og held seg godt.
Er klassifisert i gruppa Reinette – eple  som er etter måten tunge frukter, tett og fast kjøt med reinette-aktig aroma.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Klonen er truleg norsk. Det er ikkje skilda noken klon frå andre land som er identisk med Kaupanger. Namnet tyder byeple (kaupang=by) og har ikkje noke med Kaupanger i Sogn å gjera. Er omtala av sorenskriver Koren i 1795 som gamle store trær som han tok kvist frå for å poda nye trær. Blir også omtala som Skaoleple i Hardanger grunna forma. Var tidlegare mykje dyrka på Vestlandet.


RAUD ROSENSTRIPS

Kort skildring
Skal: Medels tjukt, litt seigt, glatt, med glans, grunnfargen er grøngul, men er som oftast dekt av kraftig raudt, solsida også med mørkraude striper i dekkfargen.
Kjøt: Gulkvitt med strøk av grønt, laust, møyrt, nesten fint, ikkje særleg saftig, søtsyrleg smak med svak aroma.
Kvalitet: God bordfrukt

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Er ei eiga gruppe eple typiske for Vestlandet. Dei eldte kloner er svært gamle og er truleg spreidde frå Hardanger og Sogn. Er omtala av Marcus Schnabel i 1781, men er venteleg mykje eldre. Mykje taler for at klonen kjem frå Hardanger og blir omtala som Hardanger – Rosenstrips og ikkje må forvekslast med Sogne – Rosenstrips som er ein heilt annan klon.

TORSTEIN

Kort skildring
Skal: Middel tjukt eller tjukkare, litt seigt, glatt,ofte med glans, grunnfarge grøngul, ved full modning sterkare gul. Solsida og gjerne størsteparten av frukta kan vera dekt av raudt i flammer og korte striper. Lukt tydeleg.
Kjøt: Kvitt – gulkvitt, fast, møyrt, medels saftig, litt vinsyrleg, god smak, men utan særleg aroma.
Kvalitet: Svært god bordfrukt. Held seg uvanleg godt og kan vera svært vakkert farga og av bra kvalitet.
Høyrer til reinette klassen.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Omtala som innført som podekvist frå Danmark til Ullensvang i Hardanger kring  1750. Klonen spreidd av Torsten Larsson Opedal (derifrå namnet). Fram til 1900 berre dyrka i Hardanger men vart sidan dyrka over store deler av landet.


SURAPAL

Kort skildring
Det finns lite pomologisk litteratur om sureple. Vi veit at dei har vore dyrka i Hardanger i uminnelege tider. Det er teke vare på ulike typar gule, grøne, raude og gul/raude sortar. Dei var tidlegare planta på beite og i hamnehagar. Det finns dokumentasjon frå 1700-talet om at epla vart pressa til saft som vart tappa på trefat og frakta til Bergen for sal.  Eplesafta/surmosten vart brukt i hushaldninga på same måte som andre stader i Europa der dei laga verjus (vert=grøn på fransk og juice=saft) altså grøn saft av umodne druer og sureple (crab apple i England). Kalla agraz i Tyskland og agresto i Italia. Verjus gjekk for det meste ut or bruk når sitronen vart introdusert, men dei siste åra har verjus produksjonen teke seg oppatt i fleire land i Europa. I Tyrkia og arabiske land har dette vore ein ubroten tradisjon fram til i dag.
Sureple er soleis ein unik ressurs for å ta vare på denne tradisjonen i Hardanger som har gått i gløymeboka for dei fleste.


Espen D. Eide
Styreleiar Slow Food Hardanger


Thursday, December 9, 2010

JOLGÅVA TIL DEN SOM HAR ALT


Eit Slow Food medlemskap er den perfekte jolegåva til den som har alt.

Ved å bli medlem i Slow Food støttar du opp om :
- lokal småskalamat
- bærekraftig matproduksjon
- rettferdig handel
- å bidra til eit større biologisk mangfald.

Bli medlem her

Thursday, December 2, 2010

GASTRONOMICA


Since 2001 we've been renewing the connection between sensual and intellectual nourishment by offering readers a taste of passionate inquiry through scholarship, humor, fiction, poetry, and exciting visual imagery. With its diverse voices and eclectic mix of articles, Gastronomica uses food as an important source of knowledge about different cultures and societies, provoking discussion and encouraging thoughtful reflection on the history, literature, representation, and cultural impact of food. The fact is, the more we know about food, the greater our pleasure in it. Welcome to our table! 

JOLEMAT

Syse Gard i Ulvik har eit bredt utvalg av lammekjøt. Her får du pinnakjøt til jolemiddagen,
rullepølser og sysekorv (råkorv av sauekjøt).
Kjøtet er foredla på garden etter gamle tradisjonar, røykt og salta i mosstova (røykjehuset).


Syse Gard






 

KRAFTKAR





Kraftkar frå Tingvollost. Kåra til Årets Ost 2009/10 i Noreg og tildelt nordisk sølv i både 2009 og 2010.

Les meir om Kraftkar og Tingvollost

Wednesday, December 1, 2010

KORTREISTE SMAKSOPPLEVINGAR


17 og 18 Desember er det klart for årets siste marked på Bryggen i Bergen!
Opningstider er 11-17 (fredag)  og 10-16 (laurdag).

Meir info her








Tuesday, November 30, 2010

GAMALOSTEN- FORSØMT KULTURMINNE

                                                                                                  Gamalost laga av Maria Ballhaus v / Sogn Jord- og Hagebruksskule.                                                                Fekk gullmedalje på Landsutstillinga for Gardsost i 2009.                                                                                       Foto: Ove Fosså                                                                                 Gamalosten er både elska og hata. Enten me likar den eller ei; - den er eit av dei mest særprega 
norske matprodukta. Ja, den er eit stykke norsk kulturhistorie utan sidestykke.

Les Ove Fosså sin artikkel om Gamalosten her 

 

BLI MED Å FEIRE TERRA MADRE DAGEN PÅ DRØS 10.DESEMBER!

Redder Slåttemark


Slåttemark er ei svært artsrik og sterkt trua naturtype som vil gro igjen utan aktive skjøtselstiltak.
Så langt er 1000 trua slåtteenger fanga opp.

Les Meir

Nordmenn vil auke matproduksjonen


Eit stort fleirtal av nordmenn vil oppretthalde sjølvforsyninga på mat. Men Riksrevisjonen måler sjøvlforsyning utan å ta omsyn til importen.

Les meir

Terra Madre Day 10.Desember 2010!





Terra Madre dagen vert arrangert over heile verda 10.Desember 2010.
Me feirar dagen med "Mat og Meir" på Drøs Bakeri og Kafe.
Det vert føredrag, smaksprøvar, presentasjon av Terra Madre i Torino,
Slow Food stand og middag!
Meld deg på innan 7.Desember til slowfoodhardanger@gmail.com.
Kr 250,- per pers.

Les meir om Terra Madre dagen her:
Terra Madre Day

Sjå og korleis dagen vert feira ulike stader i verda:
Her skjer det

Salone del Gusto 2010









Slow Food Hardanger deltok på Terra Madre og Salone del Gusto i Torino 21-25 oktober 2010.
Bilete kjem snart!

MAT OG MEIR på Drøs 10.Desember 2010