Tuesday, December 14, 2010

Mat og Meir- Terra Madre Day på Drøs






TERRA MADRE DAY RAPPORT 
SLOW FOOD HARDANGER

Dagen vart arrangert på Drøs kafé som eit ope arrangement med påmeldingsfrist 7.desember. Det var sendt ut invitasjon til medlemer i Slow Food samt ulike produsentar av nærprodusert mat. Slow Food Sognefjord var invitert til arrangementet.
Leiar Espen Eide i Slow Food Hardanger viste DVD- film frå Terra Madre 2008 samt fotoserie om Terra Madre og Salone del Gusto 2010 der Jorid Lekve Eide og David Gyllander var ungdomsdelegatar for Slow Food Hardanger, samt Espen Eide, Frode Halvorsen og Eyvor Gyllander  som var observatørar for Slow Food Hardanger. Slow Food Sognefjord med leiar Pål Drønen samt andre delegatar som Jorunn Heggdal og Ola Ryum var også representert.
Pål Drønen orienterte om neste norske Terra Madre som vil bli arrangert i oktober 2011 i Aurland og han inviterte Slow Food Hardanger til å bli med som samarbeidspartnar. Det vart også orientert om det nordiske samarbeidet om Terra Madre arrangement som no har kome på eit rett spor etter diverse utspel frå ein svensk fraksjon som er meir oppteken av formalitetar enn å få til eit samarbeid. Det blir no arbeidd aktivt for etablering av eit nordisk Slow Food sekretariat lagt til Aurland.
Geir Flatabø hadde ein interessant presentasjon om trøffel i Norden kor Gotland står i ei særstilling når det gjeld førekomst av trøflar. Elles peika han på dei mange likskapane som er mellom Ulvik og Gotland og det er gjort eit utplantingsforsøk i Torblå – lia og på Sysegjerdet som kan gje resultat om nokre år. Han fortalde også om den store innsatsen som Kristina Wedén har gjort for utvikling av trøffeldyrking.

Det var servert varm sider med kanel og nellik saman med ulike typar kvit geitost frå Undredal og gamalost frå jordbruksskulen i Aurland som har fått utmerking for sin kvalitet. Jorunn Heggdal frå Flåm Oppleving, som var med på arrangementet, hadde med sin eigen med granskot- sirup som tilhøyr på osten. Det var ein verkeleg fin kombinasjon til den syrlege osten!
Det vart vidare servert suppe med nærproduserte ingrediensar som røykt pinnekjøt av gamalnorsk spælsau, gulrot, potet, purre, løk, selleri og bygg gryn. Det var servert ferske baguettar, landbrød og brødstenger.
Til dessert var det bakte gravensteinseple med lindehonning og nøtter og krem med eplebrennevin.
Til drykk var det servert Vajra sin dolcetto vin. Det er ein vindrue som er mykje brukt i Piemonte i Italia.

På møtet var det delt ut materiale om Terra Madre og Slow Food og vi håpar at dette arrangementet kan gi grobotn til å rekruttera fleire medlemer.



 

No comments:

Post a Comment