Monday, December 13, 2010

SMAKENS ARK; GAMLE EPLESORTAR FRÅ HARDANGER

Surapal 




Gamle eplesortar frå Hardanger som vi vil ha nominert er:


GRANAT

Kort skildring
Skal: Glatt, med glans, feitta, gullgult. Solsida kan vera meir eller mindre livleg raud, med fine, lite synlege, raudkanta skalpunkt, som trer tydeleg fram. Lukt tydeleg.
Kjøt: Gulkvitt, nokså fast, møyrt, noko saftfullt med god, søt reinettesmak.
Kvalitet: God – svært god bordfrukt, i god utvikling pen handelsvare.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Kor klonen stammer frå veit vi ikkje, men er svært gamal i Hardanger. Er heilt ulik andre granatkloner som er omtala i pomologisk litteratur. Har frå gamal tid berre vore dyrka på Vestlandet.


GRAVENSTEIN

Kort skildring
Grunna sin fine kvalitet har Gravenstein hatt ein stor plass i fruktdyrkinga vår. Når frukta er godt utvikla, er det knapt noken klon som kan tevla med den i velsmak. Dei indre fjordarmane på Vestlandet og visse delar av Austlandet, særleg silurtraktene kring Oslofjorden og dei større innsjøane.
Skal: Tynt, sprøtt, glatt, med glans, sterkt feitta, grunnfarge voksgul eller gullgul, solsida flamma, stripa og punktert med raudt.
Kjøt: Gullkvit, nesten fint, middels, fast, saftig, vinsyrleg, søtt, med sermerkt, fin aroma (såkalla Gravensteinaroma)
Kvalitet: Framifrå god bordfrukt, svært god hushaldningsfrukt.
Er klassifisert i gruppa Kalviller som er lette frukter og smaken er vanleg jordbær, bringebær eller roseaktig.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Dei første trea planta i 1792 i Hardanger. Dokumentasjon tilbake til 1698-99 til slottet Graasten i Syd-jylland. Korleis klonen er komen dit veit ein ikkje. I pomologisk litteratur vert det sagt at klonen kjem frå Italia. Blir kalla Graastener i Danmark og Blumen Calvill i Tyskland. Er kåra til Danmark sitt nasjonaleple.


KAUPANGER/SKAOLEPLE

Kort skildring
Skal: Glatt, med glans, litt feittet under lagring, grunnfarge grøngul, seinare strågul, på solsida mørkeraud med mørkare punkt og striper, frukt som har vakse i godt ljos er også raudflamma eller stripete på skuggesida. Lukt er merkbar
Kjøt: Gullkvitt, fast, møyrt, saftfullt, søtt, vinsyrleg, svært god aroma.
Kvalitet: Framifrå god bordfrukt
Eit vakkert eple som har ein uvanleg fin kvalitet og held seg godt.
Er klassifisert i gruppa Reinette – eple  som er etter måten tunge frukter, tett og fast kjøt med reinette-aktig aroma.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Klonen er truleg norsk. Det er ikkje skilda noken klon frå andre land som er identisk med Kaupanger. Namnet tyder byeple (kaupang=by) og har ikkje noke med Kaupanger i Sogn å gjera. Er omtala av sorenskriver Koren i 1795 som gamle store trær som han tok kvist frå for å poda nye trær. Blir også omtala som Skaoleple i Hardanger grunna forma. Var tidlegare mykje dyrka på Vestlandet.


RAUD ROSENSTRIPS

Kort skildring
Skal: Medels tjukt, litt seigt, glatt, med glans, grunnfargen er grøngul, men er som oftast dekt av kraftig raudt, solsida også med mørkraude striper i dekkfargen.
Kjøt: Gulkvitt med strøk av grønt, laust, møyrt, nesten fint, ikkje særleg saftig, søtsyrleg smak med svak aroma.
Kvalitet: God bordfrukt

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Er ei eiga gruppe eple typiske for Vestlandet. Dei eldte kloner er svært gamle og er truleg spreidde frå Hardanger og Sogn. Er omtala av Marcus Schnabel i 1781, men er venteleg mykje eldre. Mykje taler for at klonen kjem frå Hardanger og blir omtala som Hardanger – Rosenstrips og ikkje må forvekslast med Sogne – Rosenstrips som er ein heilt annan klon.

TORSTEIN

Kort skildring
Skal: Middel tjukt eller tjukkare, litt seigt, glatt,ofte med glans, grunnfarge grøngul, ved full modning sterkare gul. Solsida og gjerne størsteparten av frukta kan vera dekt av raudt i flammer og korte striper. Lukt tydeleg.
Kjøt: Kvitt – gulkvitt, fast, møyrt, medels saftig, litt vinsyrleg, god smak, men utan særleg aroma.
Kvalitet: Svært god bordfrukt. Held seg uvanleg godt og kan vera svært vakkert farga og av bra kvalitet.
Høyrer til reinette klassen.

Historisk produksjonsområde, opphav og lokal tilhøyrsle
Omtala som innført som podekvist frå Danmark til Ullensvang i Hardanger kring  1750. Klonen spreidd av Torsten Larsson Opedal (derifrå namnet). Fram til 1900 berre dyrka i Hardanger men vart sidan dyrka over store deler av landet.


SURAPAL

Kort skildring
Det finns lite pomologisk litteratur om sureple. Vi veit at dei har vore dyrka i Hardanger i uminnelege tider. Det er teke vare på ulike typar gule, grøne, raude og gul/raude sortar. Dei var tidlegare planta på beite og i hamnehagar. Det finns dokumentasjon frå 1700-talet om at epla vart pressa til saft som vart tappa på trefat og frakta til Bergen for sal.  Eplesafta/surmosten vart brukt i hushaldninga på same måte som andre stader i Europa der dei laga verjus (vert=grøn på fransk og juice=saft) altså grøn saft av umodne druer og sureple (crab apple i England). Kalla agraz i Tyskland og agresto i Italia. Verjus gjekk for det meste ut or bruk når sitronen vart introdusert, men dei siste åra har verjus produksjonen teke seg oppatt i fleire land i Europa. I Tyrkia og arabiske land har dette vore ein ubroten tradisjon fram til i dag.
Sureple er soleis ein unik ressurs for å ta vare på denne tradisjonen i Hardanger som har gått i gløymeboka for dei fleste.


Espen D. Eide
Styreleiar Slow Food Hardanger


No comments:

Post a Comment