Monday, February 14, 2011

Mattilsynets paragrafar øydelegg for kortreist mat



Mattilsynet nekta å godkjenne det nye toalettet til Evelyn Sommer hjå Strilalam. Dermed vart 50 sauer på Sotra sendt heilt til Ølen for slakting denne veka.

Strilalam er kortreist og lokalt foredla kjøt frå Sotra og omegn. Strilalam vart stifta i 2006
og er idag eigd av seks gardbrukarar.  For å kunne kalle seg Strilalam må lamma vere fødd på Sotra
eller i ein av omegnskommunane. Lamma er oppvaksne på saftige kulturbeiter og vert fulgt med
kjærleik og omtanke frå sine bønder.
Strilalam tek dyreveldferd på alvor og har difor vald å slakte dyra heime i sitt eige miljø. På den måten
unngår dei lang transport med bil og oppstalling i ukjent miljø, med det stress det påførar dyra.
Strilalam nyttar Mobilslakt AS under slakting- godkjend av Mattilsynet.

MEN....Mattilsynet er stappa med paragrafar som gjer det vanskeleg å drive med kortreist mat.
Strilalam nyttar Mobilslakt AS under slaktinga på Sotra, men no er det ikkje lenger godt nok at
slaktarane nyttar seg av dei godkjende toaletta som både ansatte i Strilalam og Mattilsynet sjølv nyttar.
Slakterane tilhøyrer eit eige selskap og lyt difor ha tilgang på eige toalett- ifølge Mattilsynet.
Dermed bar det inn i slaktrabilen og strake vegen til Ølen for dei 50 sauene som stod klar til slakt
på Sotra. Slikt vert det IKKJE kortreist mat av.

Les saka i Bergens Tidende

No comments:

Post a Comment