Sunday, February 6, 2011

KVANN


Hausting av vill kvann og planting av kvann har lange tradisjonar i Noreg og på Island.
Les ein gamle norske lovbøker tyder mykje på at kvann må ha vore ei av dei fyrste kulturplantene i Noreg, planta allereie i vikingtida. I middelalderen vart kvannrot eksportert frå Noreg til kontinentet. I Europa dyrkar ein fortsatt mykje kvann til bruk i urtemedisin. På Island og Færøyene kan ein endå finne gamle kvanngardar medan dei i Noreg er heilt borte.


Vossakvann er ein spesiell kvanntype som i århundrer vart dyrka og foredla på Voss. Vossakvannen skil seg frå den ville fjellkvannen på fleire måtar. Den har heilt eller delvis fylde bladstilkar,
er søtare på smak og har også eit høgare sukkerinnhald enn villkvannen.

Vossakvann er idag eit av 9 norske presidier i Smakens Ark ( The Ark of Taste) .
Smakens Ark vart grunnlagt på Salone del Gusto i 1996. Manifestet for Arken vart forfatta same år i den italienske småbyen Serralunga d`Alba. Smakens Ark har som mål å gjenoppdaga, registrere,
tyda og gjere allment kjend gløymde smakar og matvarer. Dette er eineståande produkt som vert truga av industriell standarisering, hygieneregelverk, reglar utvikla med tanke på masseproduksjon og
massekonsumpsjon, og miljøøydelegging.

Ove Fosså har skreve ein inngåande artikkel om Vossakvannen på Skog+Landskap.
Les den her

Etter den kan du lese meir om Smakens Ark og Slow Food Foundation for Biodiversity
her

Sunday, January 30, 2011

Fryktar for villfisken i Hardangerfjorden

http://www.nina.no/Portals/0/villaks%20regioner2.JPG



 Tiltaka i ei ny føreskrift for å bekjempe lakselus i Hardangerfjorden vil ha for lita effekt til å hindre at villaksen og sjøøretten i området går tapt i løpet av få år. Det meiner Direktoratet for naturforvaltning (DN).

Les meir her

Gav 1 million i starthjelp

Fiskeriminister Lisbeth Berg-Hansen (Ap) er godt nøgd med initiativet til det nye nasjonale pilotprosjektet om tek føre seg strakstiltak for å sikra levedyktige bestandar av laksefisk i Hardangerfjorden. Mininsteren opna pengesekken og gav 1 million kroner som fødselshjelp til prosjektet under møtet i Odda, der representantar for oppdrettsnæringa, villfiskinteressene, forvaltinga, den politiske leiinga i kommunane og forskarar var samla. Berg-Hansen gav signal om meir pengar til prosjektet etter kvart som det skrid fram. Hovudkostnaden med "oppryddinga" må oppdrettsnæringa ta sjølv, understreka ministeren.
– Dette var eit gjennombrotsmøte for dialogen mellom dei ulike partane, og det vidare arbeidet for berga villfiskstammene, sa ein strålande nøgd ordførar i Odda, Gard Folkvord (Ap), då møtet var slutt.

Sunday, January 23, 2011

Ekte eplesaft frå Hardanger møter Oslofolket



Eplemost frå Hardanger Saft og Siderfabrikk vert frå 1.februar å finne på spiseplassen og delikatesseforretningen Mat og Mer i Oslo. Eplemosten kan nytast i restauranten eller kjøpast som
3liters kartong i butikken.

FINN GOD MAT

FINN GOD MAT
er ein nettstad med oversikt over gode produsentar og utsalgsstader i Noreg.

Heimeside

Tuesday, January 11, 2011

Døden i Gryta - vår redsel for riktig mat


 







Hembakade bullar anses som farligare än fabrikstillverkade. Många förskolor förbjuder numera barnen att vara med i köket och ibland även att bre sina egna smörgåsar. Och för den som driver en korvkiosk är det betydligt lättare att få tillstånd att servera pulvermos än riktigt potatismos.

Att hantera färskvaror betraktas idag som ett högriskprojekt medan hårt processade och oaptitliga matprodukter paradoxalt nog uppfyller samtliga myndighetskrav.

Hur har det blivit så?

Döden i grytan visar hur lagar och regler gynnar den näringsmässigt utarmade industrimaten på den traditionellt tillagade matens bekostnad. Ändå är det just i de jättelika matfabrikerna som farliga bakterier och virus har bäst förutsättningar att alstras och spridas.



Les meir her

Tine vil øydlegge geitosten




Bønder og kokkar reagerer sterkt på at Tine vil satse på ein mildare geitost.

Les meir her