Sunday, April 28, 2013





HARDANGER



                 Arrangerar Nordisk seminar i Ulvik 24.-26. mai 2013 
                                      på Hjeltnes vidaregåande skule.

Tema
Det biologiske mangfaldet. Smakens Ark og Presidia produkt i Norden.

Program

Fredag

Kl.19.00
Omvisning på Hauge-senteret.
Gert Andersson les Hauge.
Kl.20.45

Omvisning og smaking
hjå
Ulvik Frukt og Cideri.

Laurdag

Kl.09.30
Opning ved
Pål Drønen

Kl.10.00
Ove Fosså
Det Norske Presidia og Ark arbeidet.

Kl. 10.45
Katrine Klinken
Danmark
Korleis samarbeide over landegrensene.

Kl.11.30
Gert Andersson
Sverige
Kjellarlagra geitost.
Kva inneber det å vere produsent av eit presidia produkt.

Kl.12.15-13.15
LUNSJ.

Kl.13.15
Dominique Plédel Jónsson
Island
Kva skjer på Island?

Kl.14.00
Elisa Demichelis og Raffaele Ponzo
Slow Food International sitt hovudkontor i Italia
Om internasjonale Ark og Presidia prosjekt.

KL.15.00
Kaffipause.

Kl.15.15
Terje Inderhaug
Tørrfisk; vår eldste handelsvare.

Kl.15.45
Sigbjørn Falland
Klippfisk  presidie
Eit lokalprodukt på verdsmarknaden

Kl. 19.30
Middag

Sundag
Kl. 10.00
Ol-Johan Sikkú
Slow Food Sápmi

Kl.10.45
Svein Helge Pedersen
Arbeidet med Slow Fjord.

Kl.11.30
Bodil Cornell
Sverige
Eldrimner.

Kl 12.15
Espen Eide
Slow Food Hardanger
Gamle fruktsortar i Smakens Ark.
Eit genetisk mangfald.

Kl.12.45
Lunsj.
Oppsummering.



Konferansen er arrangert i samarbeid med



PRAKTISK INFORMASJON  OM SEMINARET
Seminaret er ope for alle og det er ingen deltakaravgift. Påmelding skal sendast til skrulen@online.no . Påmeldingsfrist er 20.mai. Lunsj kr.150.
Spørsmål om seminaret kan rettast til leiar i Slow Food Hardanger, Pål Drønen,  på tlf.991 08 163









Slow Food Hardanger hadde styremøte i desember 2012 og nytt styre er no på plass:

Pål Drønen; Styreleiar
Jorid Lekve Eide ; Nestleiar
Eyvor Gyllander; Styremedlem
Espen Drønen Eide; Styremedlem
Ingrid Asperheim; Styremedlem

Frode Halvorsen; Vara
Guro Ljone; Vara







VEDTEKTER FOR CONVIVIUM SLOW FOOD
HARDANGER


(Vedteke pá medlemsmøte 14. mars 2002 )

Foreininga Convivium Slow Food Hardanger er heimehøyrande i Ulvik herad.
Foreininga sitt arbeid er retta mot lokalbefolkninga i Ulvik og dei 6 omkringliggande
kommunane i Hardanger, samt ulike tiltak på regionalt, nasjonalt og internasjonalt
nivå.

Slow Food er ein internasjonal øko-gastronomisk, medlemstøtta ikkje-kommersiell
organisasjon som vart grunnlagt l Bra, Piemonte (Italia) l 1986. Slow Food femnar om
eit verdsomspennande nettverk som jobbar for å endra maten vi produserar og et
maten vår på.

Slow Food vil reisa opp att vordnaden for god mat, fremja utdanning av den gode
smaken og arbeida for biologisk mangfald. Ein del av naturvernarbeidet er å ta vare
på utryddingstrua husdyrrasar i tìllegg til å fremja mangfald og variasjon i utvalet av
frukt og grønsaker.

Rørsla er både ein reaksjon på standardiseringseffekten av all den snøggmaten vi
brukar i dag, samstundes som han også representerer ein opposisjon mot det høge
tempoet og stresset i dagens moderne samfunn.

Stadeigne matvarer er uttrykk for ein region sin smaksmessige eigenart, lokale
mattradisjonar, og gamle handverks- og produksjonsteknikkar. Alt dette er viktig å ta
vare på, til glede for oss sjølv og for dei som kjem etter oss.

Eit grunnleggande prinsipp i alle Slow Food sine aktivitetar og arrangement er
det gode samvœr menneska imellom, og retten til glede og nyting.

Sterke band mellom produsentar, forbrukarar, kokkar, skular, lokale mynde og lokale
Slow Food lag er med på å skapa sterke lokalsamfunn.

"Smakens Ark” er eit prosjekt som har som mål â gjenoppdaga, regìstrera, skìldra og
gjera àlment kjend, gløymde smakar og matvarer. Dette er unike produkt som vert
truga av industriell standardisering, hygieneregelverk, regler som er utvikla med
tanke  masseproduksjon og massekonsum, og miljøydelegging.

 Presidia er den aktive delen av Smakens Ark, som kartlegg og dokumenterar mange typar
matvarer som står i fare for å forsvìnna, Presìdia arbeìdar aktivt for à snu denne utvìklinga.
Nøkkelen til å redda Ark - produkter er å gjera dei økonomìsk lønsame. Dei fungerar som små
prosjekt som stør opp om småskalaprodusentar og handtverkarar som tek vare på
tradisjonelle produksjonsmàtar. Målet for arbeidet i presidía er å fremja tradisjonelle produkt, å sìkra produksjonsteknìkkar, å etablera presiseog strenge retnìngsliner for produksjonen,
og ved hjelp av slike verkemíddel å skapa ei reell framtid for tradisjonelle og unike matvarer.

Eit Convivium er eit lokalt Slow Food lag for alle som er oppteken av matkultur.
Foreininga sine aktivitetar vil vera mote og ulike samkome med matlaging og
smakstesting for medlemer og andre. Vitja og fremja lokale matprodusenter og
gardbrukarar, arrangera seminar, delta på arrangement i regi av Slow Food som
Salone del Gusto .

Skipa til kurs i smaksutdanning for born og vaksne og andre utdanningstìltak. Ta
initìativ til samarbeid med norske og nordiske Slow Food foreiningar.

Eit  mål er å fremja småskalaprodusentar, nisjeprodusentar og andre personar
og instìtusjonar som opprettheld og styrkjer nærprodusert mat og kulturhistoriske
verdiar.

Fremja ”Smakens Ark” og ”Presidia" produkt og produsentar frá Hardanger.

 3 Medlemer

Alle som ønskjer å delta i arbeidet eller vil støtte foreininga kan bli medlemer.
Deltaking i arbeidet vert gjort på frivìllig basis og er uløna.

Medlemene kan koma med forslag til aktivitetar og melda det til styret.

Alle medlemene betalar årskontingent til Slow Food International, noko som gjeld for
alle foreiningar, og som vert fastsett av dei. Deler av kontingenten  tilbakefort til
foreininga sine aktivitetar.

~ Prisar kontingent

Personleg medlemskap (1 àr) Kr 450.-
Parmedlemskap (1 är) Kr 570.-
Personleg medlemskap (3  Kr 1,300.-
Parmedlemskap(3  Kr 1,650.-
Stzttemedlemskap Kr 900.-
Stattemedlemskap par Kr 1,020.-
Ungdomsmedlemskap* ( 1  Kr 200.-
Parmedlemskap, ungdom* ( 1ár) Kr 320.-

*Ungdomsmedlemskap gje/d for dei under 30 





Thursday, March 21, 2013




                            Arrangerar møte onsdag 27. mars kl. 19.00 på Syse gard


Program

Student David Gyllander informerer om studiemuligheter ved University of gastronomic sciences i Pollenzo i Italia.

Informasjon om seminaret som Slow Food Hardanger arrangerar i Ulvik 24. - 26. mai om biologisk mangfald i dei nordiske landa.

Ekte Brød-rørsla kva er det? Espen Eide informerer.
 

Slow Food arrangementa Salone del Gusto og Terra Madre i 2012. 

Aktivitetar framover

Det vert enkel servering. Inngangsbillett kr. 50.-
Møte er ope for alle

Styret

Thursday, October 6, 2011

Terra Madre Norway 2011!

                                   2011




Terra Madre er eit internasjonalt nettverk av det Slow Food kallar «matsamfunn» frå heile verda. Terra Madre vert arranget anna kvart år i Torino, Italia og samlar over 5000 delegatar frå heile verda. Eit tegn på Slow Food og Terra Madre sin veksande innflytelse er at dei no er invitert til å delta på G8 møtene. I tillegg til den internasjonale kongressen veks det fram nasjonale Terra Madre møteplassar. Terra Madre er aktiv kvar dag i meir enn 150 land. Norsk Terra Madre starta i 2009. Dette vart den andre samlinga av Terra Madre Norway. Velkomen!


Program for årets Terra Madre finn du her



Sunday, July 17, 2011

Den Norske GMO skandalen





I norge er det i dag lov med inntill 0,9% GMO i mat og fôr. Utrolig nok har 4 fiskefôr-produsenter i Norge i dag tillatelse til å bruke hele 19 ulike GMOer i fôr til fiske-oppdrettsindustrien. Det er svært uansvarlig av norske myndigheter at de har gitt fiskefôr-industrien denne tillatelsen. Dette kan kun ses på som en snikinnføring av GMOer på det norske markedet.
Før en GMO kan tillates brukt i mat, fôr eller i levende planter eller dyr i Norge må den godkjennes spesielt for dette. I dag er GMO situasjonen i Norge utrolig rotete.

 På websidene til Direktoratet for Naturforvaltning kan vi lese følgende:
"Vi fungerer som et utøvende og rådgivende organ for Miljøverndepartementet, og våre viktigste ansvarsområder er friluftsliv og bevaring og bærekraftig bruk av biologisk mangfold."

Les heile artikkelen av Tore B. Krudtaa her

Monday, July 4, 2011

Sakte i Aurland



SAKTE er eit alliansemerke for mat og opplevingsprodukt med rotfeste og lojalitet til Verdensarven.
Ved å handle SAKTE bidreg du til bærekraft for busetnad, miljø og natur i Verdsarvområdet.
SAKTE er ein del av satsinga “Verdiskaping skjer i møtet” som har pilotstatus i “Naturarven som verdiskapar”.


Sakte

CittaSlow



 Kva med å leggje ferien til ein CittaSlow i sommar?  Det finnes 126 langsame byar fordelt på 19 land.
I Noreg kan du vitja Levanger, Eidskog og Soknedal.


Les meir om CittaSlow her